English version of this page

Kor motstandsdyktige var norske statsinstitusjonar mot nazismen?

Kvifor enda nordmenn opp som gjerningsmenn under Holocaust? Desse spørsmåla låg til grunn for prosjektet «Demokratiets institusjoner i møte med nazismen» (DIMNO) ved HL-senteret som blei avrunda i oktober 2020.

I fleire arbeid har forskarar ved HL-senteret sett nærare på korleis folk i politiet, departement og skulen handterte forsøka på gjera dei til nazistiske verkty under andre verdskrig.

Biletet som avteikna seg var skremmande, men òg inspirerande. Det vart klart kva press kunne gjera med menneske. Trugsmål om oppseiing, fengsel og det som verre var hadde stor verknad. Mange statstilsette toa sine hender og gjorde som okkupanten ga ordre om fordi dei var redde for konsekvensane om dei sa nei.

Men ikkje alle. Nokre, både gamle og nye tilsette, såg eit nazistisk Noreg som ein god ting, og utførte difor ivrig ordrar som skulle gjera dette til ein realitet. Andre såg den nye situasjonen som eit høve for personleg vinning, og var difor villige til å følga straumen. Men andre gjekk ein annan veg, og brukte sine posisjonar til å undergrava det «nye Noreg», ope eller i løyndom, og ofte med stor personleg risiko. For slike sto paradoks og moralske dilemma i kø.

 

Emneord: Holocaust, politi, skole, departement
Publisert 12. juni 2023 08:47 - Sist endret 15. nov. 2023 12:51