Monica Bjermeland

Kommunikasjonsrådgjevar (50%)
Bilde av Monica Bjermeland
Telefon 22 84 21 10
Mobiltelefon 98 68 49 16

Fast stilling som kommunikasjonsleiar ved HL-senteret sidan 1. november 2018. Jobbar ein periode som rådgjevar i 50 % stilling.

Eg er journalistutdanna frå Høgskulen i Volda og litteraturutdanna frå Universitetet i Oslo. I august 2019 debuterte eg med romanen 63 måtar å elske deg på på Samlaget.

Kjerneaktiviteten min her på senteret er operativ og strategisk kommunikasjonsrådgjeving, noko som vil seie at eg har ansvar for:

  • HL-senterets utadretta program
  • nettsidene og nyheitsbrevet
  • medieovervåking og medierådgjeving
  • sosiale medier og marknadsføring
  • det kommunikasjonsfaglege strategiarbeidet
  • prosjektutvikling
  • språkvask og diverse innhaldsproduksjon

Før HL-senteret jobba eg som kommunikasjonsrådgjevar ved CICERO Senter for klimaforsking i nærare sju år. Der hadde eg eit særskilt ansvar for forskingsgruppene Klimapolitikk, Atmosfærekjemi og CICEP Senter for internasjonal klima- og energipolitikk, og for nettmagasinet KLIMA. Eg arbeidde også med søknadsskriving og utvikling av kommunikasjonsstrategiar i ulike format. 

Tidlegare har eg jobba som journalist, redaksjonsleiar og redaktør, mest i fagpressa.

Publikasjoner

Bjermeland, Monica (2019). 63 måtar å elske deg på, Samlaget, Oslo.

Publisert 6. nov. 2018 11:00 - Sist endret 28. aug. 2020 16:00