Jødane i Noreg 1851-1942

I 1892 vart Det mosaiske Troessamfund i Christiania stifta, 41 år etter at Noreg hadde opna grensene for jødisk innvandring. På denne tida budde det i underkant av 300 jødar i Noreg, og like før andre verdskrigen omlag 2000. Kven var dei, kva bakgrunn hadde dei og korleis levde dei i sitt nye heimland?

Leif Markus og Maja Sachnowitz på ski påsken 1940.

«Adgang til Riget»

På 1600-talet budde jødane i Europa innanfor eigne område i dei ulike landa og var underlagt ein eigen jurisdiksjon utan dei same rettane som andre innbyggjarar. Høvet til å driva næringsverksemd var svært avgrensa. Dei hadde verken lov til å eiga jord eller å delta i handverkarlaug, og dei var utvist og utestengd frå fleire område.

Framover ynskte fleire land å knyta til seg jødar med formue som kunne vera nyttige for den økonomiske utviklinga, og opna for jødisk busetjing. I Danmark-Noreg, der det hadde vore forbod mot at jødar skulle busetta seg, fekk utvalde jødar med formue løyve til å slå seg ned i einskilde byar i Danmark mot slutten av 1600-talet.

Frå 1800-talet vart jødar etter kvart innrømma fleire rettar, og det fann stad ein emansipasjon i fleire land i Europa. Dei danske jødane vart tilkjent rettar som danske borgarar i 1814. Same året vart derimot det gamle forbodet mot jødar tatt med i den norske grunnlova. I siste ledd i paragraf to vart det slått fast at «Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget». Fyrst då paragrafen vart oppheva i 1851 opna Noreg grensene for jødisk innvandring.

Opphevinga av den såkalla Jødeparagrafen varsla saman med opphevinga av passtvangen ein periode med liberal innvandringspolitikk. Jødar frå alle sosiale lag kunne no på lik linje med andre flytta til Noreg og slå seg ned her. Norske jødar vart heller ikkje underlagt ein eigen jurisdiksjon, men fekk dei same borgarrettane som andre dissentarar.  

Danske og tyske jødar

I debatten rundt opphevinga av Jødeparagrafen kjem det fram at både dei som hadde vore pådrivarar til å få fjerna paragrafen, og dei som hadde motsett seg det, hadde venta seg ei viss innvandring som fylgje av ei opning av grensene. Debatten var prega av både urealistiske forventningar og antisemittiske fordommar. Til dømes hevda ein stortingsrepresentant at det låg ein flåte med jødar klar i Göteborg, som berre venta på at forbodet skulle verta oppheva, slik at dei kunne få koma til Noreg.

Desse førestillingane om ein komande innvandringsstraum står i sterk kontrast til biletet av den einsame forretningsmannen som i  1852 kom innover Oslofjorden med dampskipet frå København. Etter nokre år fekk han fylgje av fleire einskilde menn, og etter kvart òg heile familiar, hovudsakeleg frå Danmark eller Nord-Tyskland.

Dei jødane som no søkte mot Noreg hadde ein bakgrunn som handelsborgarar og forretningsmenn i ein av storbyane, som København eller Hamburg. Nokre skulle berre på kortare forretningsreiser, medan andre ynskte å etablera seg her med familien sin. Fram til 1880 er det likevel truleg snakk om under 100 jødar som innvandra. Fleirtalet kom òg til å reisa ut at, dei fleste tilbake til heimstaden. Ifylgje folketeljinga var det 34 personar som tilhøyrde den mosaiske religionen i Noreg i 1875.

Innvandring frå Aust-Europa

Rundt 1880 endra innvandringsmønsteret seg. Talet på jødiske innvandrarar auka, samtidig som majoriteten no kom frå Aust-Europa. Det var ikkje lenger snakk om eit titals personar, men heller fleire hundre som kryssa dei norske grensene. Det var òg ein langt større del som vart verande. Ifylgje folketeljinga budde det 642 personar som tilhøyrde den mosaiske religionen i heile landet i 1900.

Den nye gruppa av innvandrarar kom hovudsakeleg frå den nordvestlege delen av det avgrensa jødiske busetnadsområdet i det russiske tsarriket. Dette området utgjer i dag Litauen, den nordvestlege delen av Kviterussland, den nordaustlege delen av Polen og Kaliningrad-provinsen. Når fyrst nokre hadde slått seg ned i Noreg, kom gjerne fleire familiemedlemmer og andre kjende etter. Fleire av innvandrarane kom difor frå dei same landsbyane eller distrikta.

Eit distrikt det kom mange frå, var Suwalki og grenseområda i Lomza og Aust-Preussen. Eit anna distrikt var den nordvestlege delen av Kovno. Dei fleste hadde budd i små shtetlar, landsbyar der fleirtalet av innbyggjarane var jødar. Her livnærte dei seg som småhandlarar eller handverkarar i verksemder knytt til jordbruksdistriktet rundt shtetelen. Familien hadde kanskje hatt ein liten forretning, eller dei hadde gått frå dør til dør i distrikta rundt for å selja varer eller utføra diverse arbeid. Det var òg dei som kom frå større byar. Til dømes var det ei gruppe sigarettarbeidarar frå byen Vilna (Vilnius) som vart henta inn som spesialarbeidar til Langaards Tobaksfabrik i Oslo.

Del av den store emigrasjonen

Innvandringa frå Aust-Europa var ein del av eit større mønster der om lag fire millionar jødar frå det russiske tsarriket, Romania og Galizien forlèt heimstaden sin og drog vestover. Jødane i det russiske tsarriket hadde lenge levd under elendige sosiale og økonomiske forhold. Ein sterk folkevekst og modernisering av næringsstrukturane tvang jødane ut av den tradisjonelle verksemda. Samtidig var dei utestengde frå dei nye ekspanderande sektorane i næringslivet. Diskriminerande lovgjeving og politikk overfor jødane sette stadig strengare grenser for jødane si verksemd og rørslefridom. Det store fleirtalet levde frå hand til munn. For mange vart det å reisa vekk sett på som einaste mogelegheit for å skaffa seg eit eksistensgrunnlag.

I byrjinga søkte dei mot dei mot sentrale strok og helst større byar i Vest-Europa, men frå omlag 1880 var det i hovudsak Amerika som vart målet for dei fleste. Dei skandinaviske landa kunne likevel vera attraktive mål for dei som ikkje ville reisa så langt. For det fyrste var det billigare. For det andre var vegen heim til dei som eventuelt var att, kortare. Reisa kunne i fyrste omgang vera ein måte for handelsmenn å utvida marknaden sin på. Svært ofte reiste familiefaren fyrst. Dersom den nye plassen kunne by på nye mogelegheiter, kom familien etter.

Gjennom Sverige til Noreg

Dei fyrste jødane frå Aust-Europa som slo seg ned i Noreg kom gjennom Sverige. Her hadde dei gjerne budd i fleire år og i hovudsak livnært seg som omreisande handelsmenn. Dette kan tyde på at innvandringa til Noreg i fyrste omgang var ei forlenging av innvandringa til Sverige. Fleire kan ha søkt over grensene til Noreg då Sverige byrja å stramma inn på handelslovgjevinga i 1870- og 80-åra.

Rekruttering til sigarettindustrien

Fleirtalet reiste på eige initiativ på jakt etter eit levebrød, men det var òg nokre få som kom hit fordi dei var etterspurde på arbeidsmarknaden. Dette gjaldt til dømes sigarettarbeidarane ved Langaards Tobaksfabrik. Langaard kom i kontakt med to jødiske sigarettarbeidarar frå Vilna då han var i Berlin for å finne arbeidarar til den nye sigarettavdelinga som var planlagd. Dei vart med på å etablera avdelinga, og seinare tilsette både Langaard og andre tobakksfabrikantar fleire jødiske sigarettarbeidarar.

Kjedemigrasjon

Nokre kom altså til Noreg for å drive omførselhandel her, andre kom fordi dei hadde fått, eller håpa på å få, arbeid på ein av fabrikkane. Men ofte var det kanskje heller tilfeldig at dei hamna akkurat i denne vesle nordlege utløparen av den store rørsla frå aust mot vest. Når fyrst nokon hadde slått seg ned, var det lettare for andre å fylgja etter. Tidlegare innvandrarar kunne òg fortelje om arbeidsmogelegheiter. Jødane hjelpte kvarandre, og fleire fekk arbeid gjennom vener og kjende. Mykje av innvandringa til Noreg var i dei fyrste tiåra etter at dei fyrste hadde slått seg ned styrt av slike nettverk.

Krig og pogromar

Den fyrste store bylgja av valdelege forfylgingar av jødar i tsarriket tok til etter mordet på tsar Aleksander i 1881. Utover 1900-talet vart forfylgingane meir omfattande og intense, talet på flyktningar vestover auka og fleire av dei som no kom til Noreg hadde sjølve rømt direkte frå pogromar og krigshandlingar. Sjølv om innvandringa framleis heldt fram frå dei same tre kjerneområda, kom innvandrarane etter hundreårskiftet frå mykje meir spreidde område over heile Aust-Europa.

Fram til 1. verdskrigen hadde grensene til Noreg vore relativt opne. Under krigen og i tida rundt den russiske revolusjonen vart skepsisen mot framande sterkare og kontrollen skjerpa. Passtvang og høve til å krevja visum vart innført, og i tillegg til å utvisa innvandrarar kunne ein avvisa dei ved grensa.

Likevel passerte kanskje fleire tusen, jødiske flyktningar no dei norske grensene. Det var då både snakk om jødar som flykta vestover frå krigshandlingar og pogromar i russiskkontrollerte område, og jødar som vart utvist frå europeiske land og sendt austover. Nokre prøvde å verta verande i Noreg. Dei fleste vart utvist, men sidan fleire ikkje hadde statsborgarskap i eit anna land, måtte styresmaktene òg la ein del verta verande. I 1920 finn me det høgste talet på personar som tilhøyrde den mosaiske religionen som er registrert i den offisielle statistikken, 1457.

Flyktningar frå Tyskland

Etter nazistane si maktovertaking i Tyskland, fekk politiske flyktningar frå Tyskland og tyskokkuperte område relativt lett opphald i Noreg. Styresmaktene heldt likevel fast ved den restriktive lina overfor jødane, som ikkje vart aksepterte som politiske flyktningar. I perioden 1933 til 1940 kom det berre mellom 5- og 600 jødar til Noreg. Før okkupasjonen budde det rundt 2000 jødar i Noreg. 

Busetjing

Fleirtalet av innvandrarane slo seg ned i Oslo. Frå 1890 til 1940 budde heile tida mellom 60 og 70 prosent av jødane i Noreg i hovudstaden og forstadane. Nesten alle kom til å bu i byar, og i tillegg til i hovudstaden var det etter kvart ein relativ stor jødisk busetnad i Trondheim. Det var berre i desse to byane det vart etablert jødiske institusjonar og synagogar. I 1892 vart Det Mosaiske Troessamfund i Kristiania stifta og i 1905 Det Mosaiske Troessamfund i Trondhjem.

I Oslo var det spesielt mange som slo seg ned i Hausmannskvartala og nedre del av Grünerløkka. Oppimot halvparten av alle jødane i Oslo budde her dei fyrste tiåra av 1900-talet. Fleire flytta ut av bydelen etterkvart, men nye innvandrarar søkte mot det same området. Her føregjekk det meste av dei jødiske aktivitetane, og det var her synagogane var. Òg fleire av dei jødiske butikkane og verksemdene var lokalisert her. Jødane sette slik sitt preg på bydelen.

Omførselshandel og spesialforretningar

Dei fyrste jødiske innvandrarane var som sagt stort sett forretningsmenn. Dei austeuropeiske jødane kom òg i stor grad til å driva med handel. I 1900 var 75 prosent av alle jødane i Noreg sysselsett i handelsnæringa. Til dels var dette ein tradisjon dei hadde med seg, men det var kanskje like mykje ein måte å tilpassa seg den norske marknaden på. I Noreg var det på denne tida sterk vekst i handelsnæringa, med både auka omsetnad og rekruttering, noko som gjorde det lettare for nye grupper å få innpass. Dette gjaldt òg for dei som kom hit utan nokon ting. Varene kunne dei få på kreditt, butikken kunne dei ha på ryggen, og kundane kunne dei oppsøka direkte i heimane eller på arbeidsplassane. Denne handelsforma var det vanleg å nemna som omførselhandel.

Ein stor del av dei jødiske innvandrarane byrja sitt tilvære her i Noreg med å reisa rundt som omførselshandlar. Dei viktigaste kundane deira kom til å verta bønder, anleggsarbeidarar ved bygging av vegar og jernbanar og fiskarar ved fiskeria i Nord- Noreg. Varene dei selde var ty, klede, ur og andre såkalla kortevarer som knappar, nåler og kammar. Spesielt kom salet av ur og ullklede til å verta forbunde med dei jødiske omførselshandlarar. 

I daglegtale vart nemningane «urjøde», «ulljøde» eller «klesjøde» brukt for å skildra denne yrkesgruppa. I nokre samanhengar kunne nemningane verta brukt nedsettande, men for mange av kundane, fleire av dei faste, kunne nemningane få eit positivt innhald.  Eit besøk av «jøden» kunne vera eit spennande og hyggeleg avbrekk i kvardagen, i tillegg til at dei fekk varer dei hadde trong for.

Det var både einslege menn og familiefedrar som drog avgarde. Kvinnene var att i Oslo eller Trondheim med resten av familien. Livet som omførselshandlar var hardt. Det kunne vera tungt å reise ut åleine og forlate familie for lengre periodar om gongen, og det var eit svært slitsamt arbeid. Vanlegast var det å reisa til fots, gjerne med ei bør på mellom 30 og 70 kilo. Det var heller ikkje lett å vera den som var att heime i byen og venta, og som prøvde å strekka pengane så godt dei kunne.

Debatten var prega av både urealistiske forventningar og antisemittiske fordommar. Til dømes hevda ein stortingsrepresentant at det låg ein flåte med jødar klar i Göteborg, som berre venta på at forbodet skulle verta oppheva, slik at dei kunne få koma til Noreg.

I tillegg kom omførselshandlaren til å stadig få lågare status i samfunnet framover i perioden, og på same måte som i Sverige, byrja Noreg å stramma inn på lovgjevinga når det gjaldt denne handelsforma. I denne prosessen vart ofte jødane stigmatisert,  særskild av kjøpmannsorganisasjonane. I deira organ vart gjerne «jødehandel» brukt synonymt med ulovleg eller illojal handel.

Dei fleste jødiske omførselshandlarane føretrakk å starta forretningsdrift inne i byen om dei fekk råd til det. Spesielt i Oslo og Trondheim, men òg i ein del andre byar, etablerte jødar forretningar utover 1900-talet. Blant forretningsinnehavarane var det både menn og kvinner. I butikkane som vart starta var det eit rikt utval. Det fanst urforretningar,  damekonfeksjonsforretningar, herrekonfeksjonsforretningar, skotyforretningar, ulike utstyrsforretningar og basarar. Jødane fann spesielt ein nisje i omsetnaden av billige varer i manufaktur- og skotybransjen. I Trondheim vart «jødebutikkar» ei vanleg nemning. Her handla bønder, fiskarar og arbeidsfolk når dei trong nye klede.

I Oslo var det meir variasjon i det jødiske forretningslivet, men òg her var ein stor del av omsetnaden og fabrikasjonen konsentrert om manufakturvarer og sko. I tillegg kom handel med frukt og tobakk til å verta ein nisje. Ein del selde frukt frå vogner eller salsbuer, men etterkvart var det fleire som fekk eigne forretningar. Jødane var rekna for å vera blant dei fyrste som starta med slike spesialforretningar med sal av frukt og tobakk.

Det var ikkje berre i forretningslivet det var meir variasjon i Oslo. I tillegg fanst det her eit breiare spekter av yrkestitlar blant jødane, som skomakarar, skreddarar, buntmakarar, bakarar, frisørar, fotografar, sigarettarbeidarar og andre fabrikkarbeidarar. Mangfaldet vart òg større utover i perioden. Likevel var det ein del som starta som handverkarar eller fabrikkarbeidarar som gjekk over til handel etter ei tid.

Sosial mobilitet

Sjølv om mange sleit hardt med å få endane til å møtast, var det mange som gjennom handelen fann ein veg ut av den økonomiske nisjen dei fyrst kom inn i. Det var omførselshandlarar som vart grossistar og konfeksjonsfabrikantar, og det var sigarettarbeidarar som vart tobakkshandlarar og tobakksfabrikantar.

Den sosiale mobiliteten hjå jødane som gruppe kjem tydeleg fram om me samanliknar generasjonane. Dei jødiske innvandrarane prioriterte sterkt å gje borna sine, både gutar og jenter, ei utdanning. Fleire tok handelsutdanning, og ein god del vart funksjonærar. Samtidig vart det stadig fleire med yrke som kravde ei lenger utdanning som til dømes legar, tannlegar, advokatar og språklærarar.

Fellesskap

Dei jødane som klarte seg godt og som var etablerte, hjelpte nye innvandrarar med å koma seg til rette. Familiar fekk gjerne bu hos andre til dei fekk seg noko eige. Dei losjerande som leigde eit rom hjå andre, budde ofte hjå jødiske familiar. Vidare var det vanleg å hjelpa kvarandre med å få arbeid. Grossistar forsynte jødiske omførselshandlarar med varer, fabrikkmeistrar tilsette jødiske arbeidarar og forretningsinnehavarar hadde jødiske funksjonærar. Skulle nokon starta opp med ein liten butikk eller verksemd for seg sjølve, fekk dei gjerne hjelp til å skaffa lån og lokale.

Hjelpearbeid vart elles kanalisert gjennom trussamfunna og etter kvart òg eigne hjelpeforeiningar. Foreiningslivet blømde dei fyrste tiåra av 1900-talet, og i tillegg til å yta hjelp til trusfellar, vart trussamfunna og foreiningane viktige for å dekka både religiøse og sosiale behov. Her fanst alt frå religionsskule, barneheim, aldersheim, gravferdsselskap idrettsforeining, teaterklubb og songkor.

Israelittisk (seinare Jødisk) Ungdomsforeining, stifta i 1909 i Oslo og 1917 i Trondheim, kom til å stå for mykje av aktivitetane. Dei slutta seg saman med dei andre jødiske ungdomsforeiningane i Skandinavia, og samlingane kom til å verta ein viktig arena for å treffa komande ektefellar. Det å gifta seg utanfor den jødiske gruppa var lite akseptert, og det å kjempa mot assimilasjon var ei viktig målsetjing då foreiningane vart stifta.

Integrasjon

Slike uformelle nettverk og foreiningsdanning som ein fann i det jødiske miljøet, fann ein òg i andre  innvandrarmiljø og i norske innflyttarmiljø. Her fekk dei dekka behovet for religiøs utfalding og sosialt samvær, og her fekk dei gje utrykk for ansvarskjensle og medkjensle ved å ta vare på dei som trong hjelp. Samtidig var den sosiale kontrollen og hjelpearbeidet blant jødane viktig for å unngå eit kritisk lys retta mot den jødiske gruppa. For å hindra framvekst av antisemittisme, vart det sett på som viktig å unngå at jødar låg det norske samfunnet til last på nokon måte, og det var om og gjera at alle oppførte seg på ein måte som ingen kunne klandra.

Den jødiske minoriteten i Noreg søkte å nærma seg majoritetssamfunnet med det me kan kalla ein forsiktig integrasjonsstrategi. Dei ynskte ikkje å gøyma seg frå det antisemittiske auga ved å fornekta det jødiske. Det jødiske fellesskapet og den jødiske religionen var viktig for mange, og dei kravde difor òg aksept for det jødiske. Men i sitt forsvar for eigen identitet, gjekk dei sjeldan i direkte konfrontasjon med majoritetssamfunnet. Strategien var fyrst og fremst retta mot det jødiske samfunnet sjølv. Gjennom økonomisk og sosial framgang søkte dei aksept.

Nettopp ynskje om framgang kan vera med å forklara at dei søkte mot eit rom i arbeids- og næringslivet der sosial mobilitet var mogleg, og at dei la vekt på utdanning i så stor grad. Sjølv om dei til dels fyrst kom inn i det me kan kalla ein etnisk nisje, vart dei ikkje verande i det same segmentet, men klatra oppover den sosioøkonomiske rangstigen. Dei deltok òg i organisasjonar knytt til arbeidslivet som arbeids-, yrkes- og bransjeforeiningar. 

Spesielt dei jødiske innvandrarane frå Aust-Europa hadde ingen draum om å få venda attende til heimstaden sin og det livet dei hadde hatt der. Heller ikkje drøymde dei om å få koma til Palestina. Den sionistiske aktiviteten var i liten grad retta mot utvandring. Dei som hadde slått seg ned såg gjerne på Noreg som sitt nye heimland.

Wergeland hadde kjempa for jødane sine rettar og hadde vore ein aktiv pådrivar for å få Jødeparagrafen oppheva. Difor fekk han ein heilt spesiell plass hjå dei norske jødane.

17. mai vart ei viktig feiring for dei norske jødane, der det å legga krans på Henrik Wergeland si grav var ein viktig tradisjon. Wergeland hadde vorte eit viktig nasjonalt ikon, og det var fyrst og fremst han, med sine talar og dikt, som hadde gjort 17. mai til ein verkeleg nasjonaldag. Samtidig hadde Wergeland kjempa for jødane sine rettar og hadde vore ein aktiv pådrivar for å få Jødeparagrafen oppheva. Difor fekk han ein heilt spesiell plass hjå dei norske jødane. Kransnedlegginga vart ei markering der dei norske jødane fekk visa at dei identifiserte seg som nordmenn og tok del i aktivitetar som stadfesta den norske nasjonale fellesskapen, samtidig som dei tok vare på sin jødiske identitet.

 

              Talet på mosaiske truvedkjennarar i Noreg (henta frå folketeljingane)

År

Noreg

 

Kristiania

 

Trondheim

 

 

Tal

‰ samla

folketal

Tal

‰ samla

folketal

Tal

‰ samla

folketal

1865

25

 

14

 

0

 

1875

34

 

17

 

0

 

1890

214

0,11

136

0,90

27

1,08

1900

642

0,29

343

1,50

119

3,08

1910

1045

0,44

688

2,84

188

4,14

1920

1457

0,55

852

3,30

268

4,87

1930

1359

0,48

749

3,00

196

3,60

Jødane i Norge

 

Litteratur

V. K. Banik. Neste år i Jerusalem? Sionisme blant de norske jødene i mellomkrigstiden. HL-senteret skriftserie, nr 1, 2007 (levert som hovudfagsoppgåve ved Universitetet i Oslo 2000)

V. K. Banik. A gendered integration revisited. Work and integration of Jews in Norway, 1900–1942. Modern Judaism, 35:2 (2015), 175–202

O. Borøchstein. J- Historien om kristiansundsjødene. Kristiansund 2000

M. Gjernes. ”Dei fyrste jødiske innvandrarane i Kristiania”. Historisk tidskrift nr. 3, 2004, s. 385-416

M. Gjernes. Jødar i Kristiania. Dei fyrste innvandrarane si geografiske og sosioøkonomiske plassering samfunnet frå 1851 til 1942. HL-senteret skriftserie, nr. 2, 2007 (levert som hovudfagsoppgåve ved Universitetet i Oslo 2002)

M. Gjernes.  Uldjøder, tøyjøder og klesjøder. Jødar i norsk varehandel 1851-1940. Heimen nr. 2, 2012, s. 145-162

M. Gjernes. Jødiske arbeidarar i norsk sigarettindustri. Arbeiderhistorie 2019

K. Kjeldstadli. (red.). I nasjonalstatens tid 1814–1940, band 2 i Norsk innvandringshistorie. Oslo 2003

O. Mendelsohn. Jødenes historie i Norge gjennom 300 år, band 1. Oslo 1987 (1969)

B. Ormaasen, O. Kvasnes og A. Sass. Jewish life and culture in Norway. Wergeland's legacy. New York 2003

J. Reitan. Jødene fra Trondheim. Trondheim 2005

P. K. Sebak. ”... vi blir neppe nogensinne mange her” Jøder i Bergen 1851–1945. Bergen 2008

Emneord: Jøder, Minoriteter Av Marta Gjernes
Publisert 6. okt. 2011 09:34 - Sist endret 3. sep. 2020 10:07