DISPUTAS (VENTANDE): Kor nazistisk vart norsk politi under andre verdskrig?

Kvifor arresterte norsk politi så mange jødar og andre utpeikte fiendar av nazismen? Kvifor var 40 prosent av politiet med i nazipartiet Nasjonal Samling i 1945? Kva slags motstand kunne og ville norske politifolk yta? 

Øystein Hetland skulle disputere på Helga Engs Hus tysdag 24. mars. Me kjem attende med ny dato. Foto: Privat

Norsk politi har ei brokete historie frå okkupasjonsåra. I 2012 ønska statsminister Jens Stoltenberg å offisielt be om orsaking for at så mange norske jødar vart arresterte av norsk politi. Dette var langt frå einaste flekken på politiet sitt rulleblad frå krigsåra: Lærarar, politiske motstandarar og mange andre vart nemleg òg i løpet av krigen arresterte av norske politifolk.

Men kvifor enda norsk politi opp der?

Øystein Hetland si undersøking av politi i Stavanger, Ålesund og Skien viser at norsk politi vart utsett for eit kraftfullt forsøk på å gjera det til eit effektivt nazistisk verkty. Mange middel vart tekne i bruk: Press, fordelar for nazistar, propaganda og rekruttering. Resultatet var blanda.

Norsk politi vart aldri eit korps kor alle ønska eit nazistisk Noreg. Men terror mot motstandarar, intern splid og personleg veikskap øydela evna til saman å stå opp mot rettsstridige ordrar. Ordrenektarar kunne oppleva at dei vart fjerna, mens ordren likevel vart utført av kollegaer. Trass alt dette ga likevel nokre politifolk viktig hjelp til utpeikte fiendar av nazismen, blant dei òg jødar.  

Krigen sette med andre ord politifolk på enorme moralske og personlege prøver. Dei meistra desse på svært ulikt vis, med store konsekvensar både for dei sjølv og andre.  

Les meir om avhandlinga i universitetsmagasinet Apollon.

 

SS-lederen Heinrich Himmler på Fornebu flyplass 21. mai 1941 blir møtt av blant andre Reichskommissar Josef Terboven, Nasjonal Samlings fører Vidkun Quisling og norsk politi i paradeuniformer. Foto: Riksarkivet

 

Av Redaksjonen
Publisert 4. mars 2020 12:42 - Sist endret 24. mars 2020 15:36