I trappa: Vidar Fagerheim Kalsås

For to veker sidan bråvakna vi til nyheita om at to tredelar av unge, vaksne amerikanarar trur Holocaust er ei myte. Forskar Vidar Fagerheim Kalsås har nyleg starta på ein studie av Holocaust som undervisningstema i den norske skulen.

Vidar Fagerheim Kalsås starta som forskar på HL-senteret sommaren 2020. Foto: Monica Bjermeland / HL-senteret

Aktuell fordi

Vidar er nylig tilsett ved HL-senteret, på ei prosjektstilling som er knytt til Skiftende grenser. Definisjoner, uttrykk og konsekvenser av antisemittisme i samtidens Norge. Her skal han forske på Holocaust som undervisningstematikk innan norsk skule.

Det å lære om Holocaust skal gjere elevane i stand til å dra lærdomar frå Holocaust.

Han vil blant anna undersøkje korleis forteljingane om Holocaust har endra seg over tid innan norsk skule. I tillegg ønsker forskaren å få fram kva mogelegheiter og utfordringar samfunnsfag- og historielærarar opplever at denne tematikken har med seg til klasserommet.

Vurderer til dømes lærarar at Holocaust gir eit mogelegheitsrom for også å kunne diskutere rasisme og antisemittismen i samtida? Eller fører slike diskusjonar til at elevane ikkje forstår det historiske i Holocaust?  

Kva tenkjer du det kan bety at Holocaust for første gang er nemnd eksplisitt i læreplanane for samfunnsfag og historie?

Det illustrerer den etablerte posisjonen Holocaust har fått i norsk historiekultur og den norske offentlegheita. At Holocaust nå er nemnd i læreplanen, sender eit signal om at alle norske borgarar bør ha kjennskap til denne hendinga.

Vidare tenkjer eg at samanhengen som Holocaust er nemnt i, i læreplanen, at elevane skal reflektere over korleis ekstreme haldningar og ekstreme handlingar kan førebyggjast, peiker mot at det også finst ei stor tru på at det å lære om Holocaust har ein verdi utover seg sjølv. At det å lære om Holocaust skal gjere elevane i stand til å dra lærdomar frå Holocaust.

Kva gjorde du før du kom hit til Bygdøy?

Fram til august i år hadde eg ei mellombels stilling ved Høgskulen på Vestlandet, campus Stord, kor eg underviste i historie og fagdidaktikk for studentar på grunnskulelærarutdanning og på PPU. Før det igjen har eg vore stipendiat i historiedidaktikk ved Universitetet i Agder og eg har arbeidd eit år som lærar ved Os Gymnas.

Kva gjer HL-senteret til ein interessant arbeidsplass?

HL-senteret er ein institusjon med eit tydeleg formål, utrykt i formålsparagrafen, som eg tenker gir både forskinga og formidlinga ei klar retning: Saman skal vi auke kunnskapen om Holocaust, andre folkemord og stoda for livssynsminoritetar i inn- og utland for å verne nettopp minoritetar i notida og framtida. I tillegg arbeider det mange dyktige menneske her, som kvar dag leverer på senteret sitt formål. 

Nemn noko som har gjort sterkt inntrykk på deg i det siste.

Historier om opplevd rasisme som særskilt har fått auka merksemd det siste året, og historier om sexisme og seksuelle overgrep i arbeidslivet under «metoo» har gjort inntrykk. Historiene synleggjer at vi som samfunn har mykje å arbeide med om vi skal leve opp til ideal om fridom og likskap.

Siste kulturoppleving?

På grunn av pandemien, kan eg nesten ikkje hugse sist eg var på eit live kulturarrangement. Men om eg kan få løfte fram noko frå det siste året, vil eg nemne Litteratursymposiet i Odda i 2019. Ane Dahl Torp gjorde til dømes ei strålande teaterførestilling av Øyvind Rimbereid sitt dikt «Solaris Korrigert».

Emneord: intervjuet, i trappa Av Monica Bjermeland
Publisert 30. sep. 2020 13:26 - Sist endret 30. sep. 2020 14:10