HL-senterets venneforening: Noregs møte med flyktningar - frå 1945 til dagens flyktningkrise

Foredrag ved Hallvard Tjelmeland.

Foredraget vil ta for seg dei ulike fasane med mottak av flyktningar. Desse omfattar «displaced persons» - først og fremst jødar like etter krigen - til dei ulike gruppene av kaldkrigsflyktningar, særleg un- garske og tsjekkiske, til omslaget i asyl- og flyktningsituasjonen frå slutten av 1980-talet. Det vil bli trekt linjer heilt opp til dagens store auke i talet på asylsøkarar og flyktningar.

Hallvard Tjelmeland

Hallvard Tjelmeland er professor i nyare tids historie ved Universitetet i Tromsø. Han har arbeidd m.a. med pressehistorie og norsk innvan-dringshistorie, og skreiv saman med Grete Brochmann siste bind av Norsk innvandringshistorie. Dei siste åra har han skrive mest om den kalde krigens historie, særleg i nordområda.

Publisert 4. feb. 2016 14:27 - Sist endret 1. apr. 2016 10:23