print logo

Jødar i Kristiania

Av Marta Gjernes

Oppgåva gjer for det fyrste ei grundig framstilling av innvandrargruppa sin geografiske og sosioøkonomiske bakgrunn og tilsvarande plassering i det nye samfunnet. For det andre vert viktige aspekt ved tilpassingsprosessen mellom innvandrargruppa og motakarsamfunnet analysert.

I 1851 vart den såkalla jødeparagrafen fjerna frå den norske grunnlova, og fyrst då opna landet grensene for jødisk innvandring. Dei fyrste åra var det likevel få jødar som kryssa grensene, og endå færre som slo seg ned. Men frå om lag 1880 vart òg Noreg mottakar av ein liten del av den store emigrasjonen av jødar frå Aust-Europa. Til saman har det fram til hundreårsskiftet vore snakk om omlag 1000 jødar som kryssa dei norske grensene. Fleirtalet kom til å halda til i hovudstaden.

I denne oppgåva ser Marta Gjernes nærmare på nettopp denne innvandrargruppa. Ved bruk av mikrohistorisk metode fylgjer ho på individnivå alle jødiske innvandrarar som kom til Kristiania i perioden 1851 til 1900 frå opphavslandet, gjennom reisa til Kristiania og vidare fram til 1942. Kven var desse innvandrarane? Kvar kom dei frå, og korleis gjekk det med dei i det nye landet?

Publisert 16. mai 2011 13:44 - Sist endret 5. jan. 2012 10:09